Tindra er blitt ein del av Linja

PRESSEMELDING LINJA AS 9. NOVEMBER 2023

Tindra er blitt ein del av Linja

Tindra Nett har blitt ein del av Linja og straumnettet i Stranda kommune som også omfattar Hellesylt, Liabygda og Geiranger. Styra i Linja og Tindra Nett har vedteke fusjonsplan for samanslåing. I første omgang er Tindra Nett blitt eit dotterselskap av Linja, og etter ein periode med formelle prosessar vil Tindra og Linja bli fusjonert -rett over nyttår.

- Vi gler oss til å få Stranda og deira tilsette med på Linja-laget , seier Rune Kiperberg som er adm. dir i Linja og styreleiar i Tindra Nett.

Med dette får Linja 10 nye medarbeidarar og om lag 3.750 nye nettkundar.

Kritisk infrastruktur og beredskap

Samfunnsutvikling, grønt skifte og elektrifisering er ord vi ofte høyrer i media. Men ikkje alle tenkjer over det må vere tilstrekkeleg straumnett og nok kraft for at vi skal kunne nå klimamåla og utvikle samfunnet.

- Vi er glad for å kome inn i eit sterkt kompetansemiljø. Dette vil styrke utvikling i samfunnet og gi oss ein enda betre beredskap. Alt i alt er det svært positivt for både oss tilsette, og innbyggjarane i Stranda kommune, seier Dag Ronald Sylte, tillitsvald i Tindra.

- Linja er eitt av dei størte nettselskapa i landet og dette er med på å sikre utviklinga av forsyningsnettet i Tindra sitt område for framtida, og bidra til ei god samfunnsmessig utvikling og drift av ein av dei viktigaste infrastrukturane i samfunnet, seier Arve Hovdenak, dagleg leiar Tindra Nett

Fakta om Linja:

  • Fjerde største nettselskapet i landet
  • Omlag 102.000 kundar
  • Regionalnett i 27 kommunar frå Sognefjorden til Romsdalsfjorden
  • Distribusjonsnett i 20 kommunar
  • 310 tilsette
  • Totalkapital på om lag 6,5 mrd

For meir informasjon, kontakt:

Rune Kiperberg, administrerande direktør i Linja og styreleiar i Tindra Nett / 911 85 786

Atle Isaksen, viseadministrerande direktør i Linja og styremedlem i Tindra Nett / 952 56 457

Arve Hovdenak, dagleg leiar i Tindra Nett / 917 32 223