I Linja arbeider vi med alle dei ulike aspekta av berekraftsmåla. Vi arbeider aktivt i lokalsamfunna vi er ein del av, på vår eigen arbeidsplass og gjennom innovasjon og utvikling av straumnettet med å skape ei meir berekraftig verd.

Rein energi til alle
Kraftlinjene sørgjer for rein energi til heimar og bedrifter i vår region. Vi legg også til rette for at privatpersonar/bedrifter som brukar for eksempel solceller, kan bidra med overskotsenergi på nettet.
Berekraftige byar og lokalsamfunn
Drift og utvikling av straumnettet er eit viktig grunnlag for berekraftige byar og lokalsamfunn i vårt område.
Industri, innovasjon og infrastruktur
Gjennom å bygge ut, vedlikehalde og utvikle straumnettet legg vi til rette for nytt og eksisterande næringsliv. Vi driv grunnleggande infrastruktur for å sikre innovasjon for framtida.
Likestilling mellom kjønna
Linja er ein arbeidsplass som er open for både kvinner og menn. Vi arbeider med utgangspunkt i likelønn, og arbeider for eit mangfaldig arbeidsmiljø.
Anstendig arbeid og økonomisk vekst
Vi rapporterer kvart år etter openheitslova, og arbeider med gode arbeidsvilkår for eigne tilsette og i selskap vi kjøper tenester av eller samarbeider med.
Ansvarleg forbruk og produksjon
Gjennom opplysing og tiltak for å fordele straumforbruket gjennom heile døgnet får vi brukt kapasiteten i nettet betre. Vi har også omfattande program for sortering, materialgjenvinning og retur av materiell vi brukar i eiga verksemd.