Kravet om varsel gjeld mellom anna arbeid med gravemaskin, betongbil eller skogsmaskiner. Også ved sprengingsarbeid og felling av tre nær høgspentlinjer skal du kontakte Linja.

Når vi blir varsla om dette vurderer vi arbeidet som skal gjerast og gir deg rettleiing for å unngå farar. Til vanleg er tenesta gratis.

Du varslar til oss i Linja på telefon eller e-post seinast tre yrkedagar før arbeidet skal setjast i verk. Dersom Linja ikkje blir varsla om arbeidet, kan du bli erstatningspliktig for skader som blir påført dei elektriske anlegga.

Det er livsfarleg å kome i kontakt med kraftlinjer med anleggsmaskiner eller anna utstyr.

Når uhellet er ute

Om du feller eit tre over kraftlinja skal du med ein gong gå bort frå staden, og halde god avstand. Ikkje prøv på å fjerne treet. Kontakt oss i Linja. Kontakt lege/naudetatane for helsehjelp.

Om gravemaskinen/køyretøyet du sit i kjem i kontakt med kraftlinja skal du bli sittande fram til du har fått melding frå Linja om at straumen er slått av. Du må varsle dei rundt deg så ikkje andre kjem i kontakt med køyretøyet. Dersom det brenn, må du forlate køyretøyet og hoppe ned på bakken med begge føtene godt samla. Samstundes må du unngå kontakt med køyretøyet og jord. Fjern deg ved å hinke eller gå med korte skritt.