Nettleige
Straumnettet er sjølve livsnerven i samfunnet og kritisk infrastruktur for vekst og utvikling.
Straumnettet krev vedlikehald og drifting for at straumen skal kome trygt fram til deg. Arbeidet med dette er finansiert av nettleiga, det er eit stort spleiselag mellom alle som er tilknytt straum i Norge.
Men mange har spørsmål om nettleiga og kva den inneber. Her har vi samla nokre spørsmål og svar.
Alt om nettleige
Du betalar nettleige for å vere knytta til straumnettet og for å få straumen levert frå kraftverket fram til deg.
Nettleiga du betalar skal dekke kostnadene Linja har med å føre straumen trygt fram til deg. I tillegg til drifts- og utbyggingskostnader, går delar av summen til avgifter til staten (forbruksavgift, ENOVA-avgift og mva) og til å dekke Statnett sine kostnader i sentralnettet.
Det er myndigheitene, ved NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat), som regulerer kor høg nettleiga kan vere i de enkelte områda av landet.
Frå 1.juli får alle kundar i Noreg ein ny prismodell for nettleige. Målet er å flytte noko av straumforbruken utover døgnet. Kundar som klarer det kan spare pengar gjennom nettleiga og presset på straumnettet blir mindre.
Til sist vil det løne seg for kundane og samfunnet elles at vi unngår utbyggingar kun for å skalere for dei travlaste timane. I tillegg til samfunnsøkonomiske fordelar, skånar ein også naturen og klimaet.
Ordninga trer i kraft 1.juli, og vil vere synleg på faktura som kjem i august.
Straum er det du betalar for ditt faktiske straumforbruk. Det blir fakturert av din straumleverandør. Straumleverandørane er konkurranseutsatt, og du kan velje sjølv kva selskap du skal kjøpe straum med.
Nettleige er det du betalar for at straumen skal bli levert fram til deg på ein trygg måte. Dette blir fakturert anten av nettselskapet, eller det blir innkrevd via straumleverandøren din. Transmisjon og distribusjon av elektrisk kraft er eit naturleg monopol. Kostnadene ved å byggje straumnett er høge og det er ikkje samfunnmessig rasjonelt å byggje fleire konkurrerande nett. Nettverksemda er underlagt monopolkontroll og inntektene blir bestemt av myndigheitene.
Straum og nettleige er to forskjellige ting, men er avhengige av kvarandre. Du må difor betale for begge deler for å bruke straum.
Fakturaen er todelt.
Fastbeløpet er eit årleg beløp som er fordelt utover kvar månad. Beløpet er fast uavhengig av kor mykje straum du brukar.
Energileddet er prisen per kilowatt time (kWh) du brukar, og beløpet er basert på ditt faktiske forbruk den siste månaden.
I tillegg er kjem avgifter til staten som blir krevd inn via nettleiga og inngår i energileddet. Omlag halvparten av det du betalar i nettleige er offentlege avgifter. Avgiftene er MVA, forbruksavgift og ENOVA avgift.
Nokre kundar får nettleiga fakturert saman med straumforbruket sitt. Det er i tilfeller då straumleverandøren har avtale om gjennomfakturering.
Nettleiga som blir fakturert frå 1.juli 2022 vil ha nye omgrep og vere basert på den nye prismodellen for nettleige.
Nettselskapa i landet har ulike kostnader ved å drifte straumnettet. Geografiske forhold er noko av det som påverka kostnadene. Det er også forskjell på antal meter straumnett mellom husstandane som gir forskjellar på by og land.
Sogn og Fjordane er eit fylke med stort areal fordelt på relativt få innbyggarar og bedrifter, og med ein omfattande eksisterande og planlagd kraftproduksjon. Dette fører til at kostnaden med å levere straum til kvar enkelt er høgare enn landsgjennomsnittet. Linja er ein aktiv pådrivar for ei meir lik nettleige i heile Noreg. Vi meiner det ikkje er rettferdig at vi som bur i distrikta skal betale ei mykje høgare nettleige enn dei som bur i sentrale strøk. Vi held difor fram med å jobbe aktivt opp i mot styresmaktene med mål om å endre prismodellen for nettleiga.
Alle nettselskap i landet er pålagt ei leveringsplikt av Noregs vassdrags- og energidirektørat (NVE). Dersom du ikkje inngår ei straumavtale med valfri straumleverandør, vil du få leveringspliktig straum frå Linja. Ordninga om leveringsplikt er meint som ei midlertidig løysing fram til du har valt straumleverandøren din.
Det vil normalt vere dyrare å få leveringspliktig straum enn å ha ei straumavtale frå ein straumleverandør. Sjå Forbrukerrådet sin strompris.no for full oversikt over leverandørar i Noreg.