
Skal du byggje nytt? Då treng du sikkert straum undervegs og i den nye bustaden din. Her finn du mykje av det du treng for å planlegge, bygge og ta i bruk den nye heimen eller hytta di.
Det varierer kor mykje kapasitet som er ledig i straumnettet. Derfor er det viktig at du søkjer tidleg dersom du planlegg å byggje eller får behov for meir straum.

Dersom du skal bygge nytt, treng du straum tidleg i prosessen og ei slik provisorisk straumtilkopling er kallar vi byggestraum. Her er rutinane for bestilling av byggestraum.

For å unngå skadar på kablar og røyr som ligg i bakken, skal alle sende gravemelding før du gjer gravearbeid på eigendomen sin. Då får du påvist kva kablar vi har.

Det er eigne reglar for å arbeide nær straumlinjene. Det er viktig at du følgjer desse reglane for dykkar eigen tryggleik, og for å sikre at det ikkje blir straumbrot.

Skal du kople frå eller flytte straumkabel kan du kontakte oss så hjelper vi deg med dette. Du må betale for dette arbeidet.
