Kvifor bli prekvalifisert?
Dersom du er prekvalifisert kan du styre arbeidet nær linja sjølv. Du er ikkje avhengig av at Linja kan møte opp på ønskt tidspunkt, og du aukar tryggleiken gjennom at du får betre kompetanse om elektriske anlegg (HMS).
Korleis blir vi prekvalifisert?
Ta kontakt med oss på driftsleiar@linja.no. Gå gjennom avtale med alle vedlegg, deriblant instruksen de skal arbeide etter. Deretter signerer de avtale. Vi arrangerer eit felles oppstartsmøte med alle hos dykk som skal ha rolla som prekvalifisert. Desse skal også gjennomføre det kurset som Linja vel at skal gejnnomførast. Ansvarleg for avtale i selskap sender over dokumentasjon og personopplysingar til dei som har gjennomført Linja sitt valte kurs og er klare til å fungere som prekvalifisert. Deretter får de tilgang til app for å gjennomføre arbeid og dokumentasjon.
Korleis skal vi ivareta rolla som prekvalifisert?
Dei som skal utføre rolla må gjennomføre kurset Linja vel kvart år. De er plikta til å levere avvik til Linja når uønskte hendingar oppstår, slik vi kan lære av det i fellesskap. I tillegg må de følgje opp andre plikter i avtala.

Prekvalifiserte aktørar

  • Aco
  • Sunnmøre Anlegg
  • OK Entreprenør
  • Aurvoll og Furesund
  • Bjørdal maskin Anlegg
  • Pon avdeling Ålesund
  • Blindheim Maskin og Transport
Gravemelding for deg som ikkje er prekvalifsert

Du må søke gravemelding, og vi må gjennomføre fysisk påvising dersom du ikkje er prekvalifisert. Her er informasjon om våre tenester og rutiner.

Meir informasjon?

Kontakt assisterande driftsleiar Eirik Øren, driftsleiar@linja.no, 97 09 51 27.