Du kan få faktura via straumleverandøren din

Har du kraftleverandør som vi har avtale med, kan dei fakturere nettleiga for oss. Då går alt av betaling og spørsmål om abonnementet gjennom dei. Det er praktisk for deg.

Vi har for tida avtale med Fjordkraft, Fortum Strøm, Gudbrandsdal Energi, Lyse Energisalg, Midt Energi, Norgesenergi, NTE Marked, Trøndelagkraft, Volte, Å Strøm og Wattn . Vi kallar dette «gjennomfakturering». Dette blir gjort direkte av straumleverandøren, og du treng ikkje gjere noko.

Finn informasjon på Mi side

Logg deg inn på «Mi side». Der finn du kopi av fakturaen din og du kan gjere avtale om betalingsutsetjing. Pass på at adresse, e-post og andre opplysingar alltid er oppdaterte.

Bruk gjerne e-faktura eller avtalegiro

Viss du får nettleige-faktura direkte frå oss kan du gjerne bruke e-faktura eller avtalegiro. Då får du fakturaen rett i nett- eller mobilbanken din. Du får faktura på papir eller e-post dersom du ikkje er registrert med e-faktura eller avtalegiro, eller du har reservert deg mot e-faktura frå Linja. Papirfaktura er gebyrfritt frå oss.

Har du spørsmål eller svar for korleis du opprettar e-faktura eller avtalegiro? Sjå nettsidene til banken din eller informasjonen på efaktura.no.

EHF-faktura

Har du bedriftsabonnement? Vi kan tilby EHF-faktura. Ta kontakt med oss på kundeservice@linja.no.

Klager

Dersom du ikkje er einig i fakturaen du har mottatt må du ta kontakt oss så snart som råd. Det er enklast om du tek kontakt skriftleg, gjerne via nettskjemaet vårt på kontakt-sida under. Privatkundar kan sende klage til Elklagenemnda eller Reguleringsmyndigheten for energi etter kva saka gjeld.