Linja er nettutviklingskoordinator for koordineringsområde Sunnmøre og Sogn og Fjordane. Vi skal bidra til samfunnsmessig rasjonell nettutvikling i heile området vårt frå Vestnes i nord til Aurland i sør.
Rolla som nettutviklingskoordinator og forskrifta om energiutgreiingar har erstatta det tidlegare systemet med kraftsystemutgreiingar. Alle våre effektprognosar, områdestudiar, konseptvalutgreiingar og NVE blir publisert på PlanNett. På den måten er alltid siste informasjon om straumnettet, og betring av dette, tilgjengeleg for alle.
Området omfattar desse kommunane i
Som koordinator og utgreiar skal Linja bidra til samfunnsmessig rasjonell nettutvikling i heile området. Vi skal fremme dei beste nettløysingane som løyser samfunnsutfordringane. Dette inkluderer å vurdere omfanget av utgreiingar og utgreiingsområde.