Slik gjennomfører vi grunnerverv

Vi identifiserer behov og søkjer konsesjon
Når Linja har identifisert behov for å byggje ut eller betre regionalnettet, så søkjer vi løyve (konsesjon). Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) behandlar søknader etter energilova.

Vi tek kontakt med grunneigarar
I eit utbyggingsprosjekt har vi behov for grunn eller rettar frå eigedomar som er råka av utbygginga. Grunneigarar blir kontakta av oss skriftleg eller munnleg og får informasjon om kva saka gjeld og korleis vi skal gjennomføre grunnervervet.

Tidleg i prosjektet kallar vi oftast inn til grunneigarmøte for grunn- og rettshavarar. Føremålet med eit slikt møte er å sikre god dialog med dei som blir direkte råka av tiltaket, og informere om prosessen framover.

Ofte stilte spørsmål

Tre måtar å sikre rett til bygging av kraftleidning

Cover image

Grunnerverv tek utgangspunkt i vedteken anleggskonsesjon og ekspropriasjonsløyve. Ved søknad om konsesjon er det vanleg å søkje om ekspropriasjon samtidig. Vi arbeider for å oppnå minnelege avtalar med alle ramma grunneigarar, og alle får høve til å inngå minneleg avtale om tiltreding.

Det er i all hovudsak tre måtar vi kan skaffe rettar til bygging av kraftleidning:

1. Avtale: Når du og Linja er einige om at Linja skal overta eit areal eller få ein rett over eit areal, inngår vi ein avtale om dette. Avtalen gir Linja rett til å ta i bruk arealet. Avtalen blir sendt per post til deg som grunneigar eller rettshavar.

2. Avtale om tiltreding og avtaleskjønn: Dersom du blir einig med Linja om sjølve avståinga, men ikkje blir einig om erstatninga, blir denne fastsett ved skjønn. Viss saka må avgjerast med skjønn, blir det vanlegvis først inngått ein avtale om tiltreding. Dette inneber at du godtek at Linja kan starta anleggsarbeidet på eit avtalt tidspunkt, men at erstatninga skal fastsetjast ved skjønn. Det betyr at saka blir behandla av domstolen og at skjønnsretten fastset erstatninga. Skjønnsretten består av ein fagdommar og to eller fire skjønnsmenn som skal på synfaring på eigedomen og vurderer verdien ut i frå gjeldande erstatningsreglar.

3. Ekspropriasjon: Når du må gi frå deg heile eller delar av eigedommen din og rettar til han utan å godta det frivillig, blir det kalla ekspropriasjon. Ekspropriasjon er ein prosess som inneber tvungen avståing. Det skjer dersom du og Linja ikkje klarer å forhandle dykk fram til ein avtale. Linja kan ekspropriere grunn og rettar både til mellombels og permanent bruk, men dette krev ekspropriasjonsløyve frå konsesjonsstyresmakta. Då blir erstatninga fastsett i eit ekspropriasjonsskjønn ved domstolane, altså i ein rettssak. Avgjerder i skjønnsretten kan ankast til lagmannsrett.