Skal du grave på eigedomen din? Hugs å sende inn gravemelding før gravearbeidet tek til. Grunnen til at det må til er for å unngå skadar på kablar, røyr og anna utstyr som kan ligge i bakken.
Du leverer gravemelding på Ledningsportalen, og får påvist kablar i bakken. Førstegongs påvising er gratis. Det skjer i løpet av fem yrkedagar etter bestilling.
Det er den som graver som har ansvar for å sjekke om Linja eller andre kabeleigarar har installasjonar under bakken.
Brot på straumkablar kan få store konsekvensar, og skade både menneske og utstyr. Det kan også sørgje for at delar av samfunnet blir utan straum i kortare eller lengre periodar. Dersom du gjer skade risikerer du å bli stilt økonomisk ansvarleg for dei totale kostnadene straumbrotet fører til.
Linja kan også utføre hastepåvising på kveld/helg, då kan de kontakte oss direkte. Dette må du betale for.