Mellombels straumforsyning til anleggsarbeid

Linja leverer mellombels straum til anleggsarbeid, men du må sjølv sørgje for å inngå avtale og sikre nødvendig infrastruktur.

  • For å komme i gang, må du ta kontakt med ein autorisert elektroinstallatør. Installatøren vil:
    Etablere avtale om mellombels straumforsyning med oss på dine vegner.
  • Leige ut byggestraumskap eller setje deg i kontakt med nokon som kan leige det ut.

Krav til byggestraum

  • Byggestraumskapet skal ha ein målar frå Linja med kommunikasjon
  • Straumforbruk vert fakturert etter gjeldande tariffar

Kostnader og fakturering

  • Linja fakturerer per til- eller fråkopling
  • Nettleige vert fakturert månadsvis
  • Du må sjølv velje ein straumleverandør for straumavtalen

Viktig å vite

  • Mellombels straumforsyning er tidsavgrensa. Ei permanent løysing skal etablerast så snart det ligg til rette for det
  • Etter 3 år kan Linja krevje avvikling av Byggestraum

Ta kontakt med ein autorisert elektroinstallatør for å starte prosessen!

Relevante sider