Straum til deg. Kraft til det nye.

Linja er mellom dei største nettselskapa i Noreg, og eit leiande kompetanse- og teknologiselskap som arbeider med elektrifisering av Nordvestlandet. Vi er ein aktiv deltakar og tilretteleggjar for ei meir berekraftig framtid. Saman gir vi kraft til nyskaping og utvikling.

Livsnerven i samfunnet

Linja fraktar straumen gjennom djupe dalar og over breie fjordar fram til folk og bedrifter. Det har gjort oss til livsnerven for både kvardagsliv og næringsliv. Vi byggjer, planlegg og held straumnettet ved like for framtida. Våre tilsette er alltid på jobb, alltid klare og alltid til stades.

Cover image

Framtida er elektrisk

Som eit av dei største nettselskapa i landet er vi eit sterkt kompetansemiljø som bidreg til grøn omstilling. Linja leverer krafta som legg grunnlaget for den elektriske framtida. Trygg tilgang på rein kraft må til for å nå dei overordna klimamåla. Vi bidreg med kunnskapen – og ikkje minst straumen – som sikrar at framtida er lys.

Samarbeid på Nordvestlandet

Vi er nettselskapet med 100 000 nettkundar frå Jostedalsbreen til Vigra, i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre. Før var vi Mørenett, Tindra og Linja. No er vi berre Linja. Linja har frå 2023 tre eigarar: Tafjord Kraft (33,8 %), SFE (33,3 %) og Tussa Kraft (32,9 %). Dei tre kraftprodusentane nord på Vestlandet veit at vi står sterkare saman.

Cover image

Som eit lokaleigd selskap er vi tett på lokalsamfunna, og kjenner både folket, næringslivet og landskapet godt. Det gjer at vi raskast og best mogleg kan ordne opp ved straumbrot. Samtidig er vi eit sterkt kompetansemiljø som kan leggje planar, strategiar og samarbeid for å møte energibehovet i bygder og byar på framtida.

300 tilsette mellom Romsdalsfjorden og Sognefjorden

Nettområdet vårt strekk seg frå Romsdalsfjorden på Sunnmøre og ned til Sognefjorden i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Vi eig og driv det regionale distribusjonsnettet i 27 kommunar, og det lokale i 19 kommunar.

Cover image

Våre tilsette arbeider i heile området. Hovudkontoret er på Dragsund i Herøy kommune, med administrasjon i Ålesund, Sandane og Florø, og 10 montørbasar fordelt over heile området. Vi er organisert i åtte divisjonar: nettutvikling, teknologi, nettkunde, kraftsystemdrift, nettforvaltning, prosjektering/utføring. Vi har også to stabsavdelingar: organisasjon og økonomi og selskapsstyring.

Vi koplar samfunnet i hop

Våre medarbeidarar i heile området koplar samfunnet saman med å utvikle, bygge ut og ta vare på straumnettet. Kloke hovud som brenn for grøn omstilling og ønskjer å bidra med praktisk og samfunnsnyttig arbeid jobbar i Linja. Vi er alltid nysgjerrige på nye talent, arbeidsjern og ulike slags erfaringar. Hos oss arbeider mange fag i lag for å sørgje for straum til deg og kraft til det nye.