Følg denne lista, så skal du få svar:

1
Sjekk straumbrotskartet

Sjå på kartet over straumbrot og straumstans i vår region. Her finn du både planlagde utkoplingar og plutselege hendingar

2
Sjå ut vindauget

Har naboane straum, og ikkje du? Då kan det tyde på at feilen er hos deg. Viss fleire manglar straum i nabolaget, og det ikkje er registrert i kartet over straumbrot, kan du gå til punkt 8, og ta kontakt med oss. Viss det er straumbrot, og det er registrert i kartet så arbeider våre tilsette med å finne feilen og få straumen tilbake så snart som råd.

3
Sjekk om du har betalt rekninga eller meldt flytting

Du må sjekke rekninga frå straumleverandøren. Dei fleste betaler både straum og nettleige direkte hos straumleverandøren, men nokre har eigen faktura for nettleige frå Linja. Straumen kan også vere stengt dersom det ikkje er registrert ny kunde ved utflytting. Sjekk våre råd ved flytting.

4
Ta deg ein runde i huset

Dersom du har straum i delar av huset/eigedommen, kan det vere ein lokal feil hos deg. Sjekk punkt 5, 6 og 7.

5
Undersøk sikringskapet

Sjå om hovudsikringa eller sikringane for kvar kurs er utløyste. Bruk også dei andre sansane. Lukt om noko er brent, eller kjenn og sjå om noko er smelta eller øydelagt. Ta kontakt med godkjend elektrikar.

6
Kontrollér for jordfeil

Har jordfeilbrytaren gått? Eller kjenner du støyt eller kiling frå elektriske apparat? Då kan det vere jordfeil. Det melder du her. Som regel er feilen i eige anlegg, og då må du bestille og betale godkjend elektrikar sjølv.

7
Vurdér alderen på elanlegget ditt

Elanlegg som er meir enn 20–30 år gamle treng ofte oppgradering. Ta kontakt med godkjend elektrikar.

8
Framleis utan straum

Ring oss på 05247 for å melde straumbrot eller få svar om feil.

Kostnad for elektrikar

Det kan vere nødvendig eller tilrådeleg at elektrikar kjem innom. Enklast blir det om det er avtalt med oss på kundesenteret/vakttelefon på førehand. Dersom det viser seg at det er lokal feil må du sjølv stå for kostnaden for reise, arbeid og undersøking av elektrikar.