Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNoregsprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettetTilko - slik søker du om tilknyting over 1 MW
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Noregspris

Noregspris er ei statleg ordning som gir deg ein fast straumpris. Dagens avtalar gjeld til 31. desember 2026.

Ønskjer du noregspris i 2027, må du bestille på nytt. Det vert opna for bestilling 5. januar 2027.

I framlegget til statsbudsjettet er prisen for 2027 foreslått til 56,25 øre/kWh inkl. mva. Endeleg pris er ikkje fastsett enno.

Kunde og nettleige
>
Noregspris

Kva er noregspris?

Noregspris er ei statleg ordning som gir hushaldningar og fritidsbustader ein fast straumpris. Målet er å gjere straumkostnadene meir føreseielege, og ordninga er eit alternativ til straumstøtte.

For 2026 er prisen 50 øre per kilowattime (inkl. mva.). Bestiller du noregspris no, er målepunktet bunde til ordninga fram til 31. desember 2026.

For 2027 må noregspris bestillast på nytt. Det vert opna for bestilling 5. januar 2027. I framlegget til statsbudsjettet er prisen for 2027 foreslått til 56,25 øre per kilowattime (inkl. mva.). Endeleg pris er ikkje fastsett enno.

Det er valfritt om du vil velje noregspris eller halde fram med straumstøtte.

Nettleseren din støtter ikke videoavspilling.

Kven kan nytte seg av ordninga?

Norgespris gjeld berre straumforbruk i bustader og fritidsbustader som blir brukt av hushaldningar. Næringsverksemd er ikkje omfatta av ordninga.

Hushaldningskundar:
Alle som bur i ein vanleg bustad kan velje norgespris som alternativ til vanleg straumstøtte. Ordninga gjeld for dei første 5 000 kWh kvar månad. I den første månaden kunden har avtale, kan delar av – eller heile – volumet allereie vere brukt opp, og det vert ikkje rekna kompensasjon for dette forbruket

Fritidsbustad:
Fritidsbustader kan få norgespris for dei første 1000 kWh kvar månad. I den første månaden kunden har avtale, kan delar av – eller heile – volumet allereie vere brukt opp, og det vert ikkje rekna kompensasjon for dette forbruke

Burettslag og sameige:

Bustadselskap kan inngå avtale om noregspris for felles forbruk, som straum til varmtvatn, vaskekjellar, oppvarming av fellesområde, garasjeanlegg, heis og lading av elbilar.

Der bebuarane har individuelle målarar, må dei sjølve inngå eigne avtalar om noregspris. Dersom bygget berre har éin straummålar, kan ikkje bebuarane teikne individuelle avtalar. Då er det styreleiaren i bustadselskapet som inngår avtalen på vegne av alle bustadeiningane.

Bindingstid for 2026
Avtalen varer fram til 31. desember 2026, og kan ikkje avsluttast før den tid. Du har likevel 14 dagars avbestillingsrett etter at du har bestilt.

Korleis bestiller eg noregspris?

Du kan bestille noregspris for 2026 digitalt via https://elhub.no.
Dersom du ikkje kan bestille digitalt, kan du bruke bestillingsskjemaet under. Skjemaet gjeld berre noregspris for 2026.

For 2027 må du bestille på nytt. Det vert opna for bestilling 5. januar 2027.

Elhub er Noregs nasjonale IT-plattform for innsamling og deling av straumdata. Plattforma er eigd av Statnett SF og vert finansiert av alle norske nettselskap og straumleverandørar.

Dersom du ikkje kan bestille digitalt, kan du bruke bestillingsskjemaet under:

Bestillingsskjema
Nettleseren din støtter ikke videoavspilling.

Korleis skil noregspris seg frå vanleg straumstøtte?

Straumstøtte Noregspris
Pris Støtte ved høg pris Fast pris heile avtaleperioden
Gjeld for Hushaldningsforbruk

Burettslag (fellesanlegg)
Gards- og grendeverk
Hushaldningsforbruk
Fritidsbustader (privatkundar)
Burettslag (fellesanlegg)
Gards- og grendeverk
Krev bestilling? Nei, skjer automatisk Ja, må bestillast aktivt
Bindingstid Ingen Ja, ut avtaleperioden
Kompensasjon 90 % støtte over gjeldande terskel 50 øre/kWh i 2026.
Føreslått 56,25 øre/kWh i 2027

Kva betaler eg?

For 2026 betalar du ein fast straumpris på 50 øre/kWh (inkl. mva.) for dei første 5000 kWh/månad for hushald eller dei første 1000 kWh/månad for fritidsbustader.

Kompensasjonen vert vist som ei eiga linje på nettleigefakturaen, på same måte som straumstønaden. Dersom spotprisen er høgare enn 50 øre/kWh, får du eit frådrag eller pengar tilbake ved fakturaforfall. Er spotprisen lågare, vert differansen opp til 50 øre/kWh lagt til som ekstra kostnad.

For 2027 er prisen foreslått til 56,25 øre/kWh (inkl. mva.). Endeleg pris er ikkje fastsett enno.

Viktig: Du betalar vanleg nettleige, avgifter til staten og straumrekning til kraftleverandøren din som før. Noregspris justerer berre spotprisen på straumen du får frå kraftleverandøren, og kjem som ei eiga linje på nettleigefakturaen.

Du må framleis ha ein vanleg avtale med kraftleverandøren. Det er like viktig som før å velje ein leverandør med lågt påslag, sidan noregspris berre kompenserer mot spotpris.

Kalkulator:

Linja har under "Mi side" ein kalkulator for kundar som vurderer å ta noregspris
1) Velg "Kva hadde lønt seg?".

2) Vel perioden du ønskjer å sjå.

3) Grafikk og tal viser resultata basert på ditt faktiske forbruk, og faktiske prisar


Evaluering av inngått avtale

Under kalkulatoren viser anlegg med noregspris. Her kan du ta eit djupdykk heilt ned på timeverdiar for forbruk og prisar for utrekninga av norgespris beløpa.

Kan eg avbestille?

Ja – du har 14 dagars avbestillingsrett frå du bestiller. Etter det er avtalen bindande fram til utgangen av 2026. Det er ikkje mogleg å seie opp før den tid. Avtalen du inngår vil fylgje eigendomen ved eventuelt eigarskifte.

Lønar det seg?

Det kjem an på fleire ting:

  • Kvar du bur – Spotprisane varierer mellom prisområda og over tid. I Linja sitt nettområde har prisane i periodar vore høgare i 2026 enn vi har vore vane med.
  • Fritidsbustad – Fritidsbustader får ikkje straumstønad, og noregspris kan derfor gi ein meir føreseieleg straumpris.
  • Tida på året – Spotprisen varierer gjennom året. Med noregspris veit du kva sjølve straumprisen blir, men du kan også ende med å betale meir enn spotprisen i periodar med låge prisar.
  • Prisutvikling – Ingen veit sikkert korleis spotprisane vil utvikle seg. Om noregspris lønar seg, er derfor avhengig av prisutviklinga og forbruket ditt.

Vi kan ikkje anbefale kva val som er rett for deg, men ønskjer å gi deg best mogleg informasjon slik at du kan ta eit val som passar forbruket og situasjonen din.

På Mi side har Linja ein kalkulator som viser korleis noregspris har slått ut basert på ditt eige forbruk. På Elhub Min side finn du også ein kalkulator.

Vi kan dessverre ikkje anbefale kva val som er rett for deg, men ønskjer å gi best mogleg informasjon slik at du kan ta eit val som passar ditt forbruk og din situasjon.
Linja har derfor etablert eit analyseverktøy på Mi Side som viser korleis Noregspris slår ut basert på ditt eige forbruk.
På Elhub Min side finn du også ein kalkulator.

Nettleseren din støtter ikke videoavspilling.
Straumbrotskart
Nettleige
Gravemelding
Tilknyting til nettet
Linja AS
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2026 Linja