Mykje av samarbeidet og informasjonen mellom Linja og deg som installatør går gjennom eksterne portalar, som Elsmart, Elsikkerhetsportalen og REN. Frå denne sida kan du lett finne fram til ressursane du treng.
Lever melding på førehand når du skal gjennomføre installasjonsarbeid for endring av OV (overlastvern), arbeid i målepunkt, ny installasjon, nytt anlegg i eksisterande installasjon og større endringar/utvidingar i installasjonen.
For hasteoppdrag/feilinstallasjonar kan du melde inn så snart som råd i etterkant.
Du må melde frå- og tilkoplingar av inntak, og anleggskasser/byggestraumskap til kundesenter@linja.no.
Fristar
Skal du sende rettemelding til DLE?
Trykk på registrer rettemelding for å kome til innloggingsportalen. Er du i tvil, kan du lese vår rettleiing til elektronisk rettemelding nederst på sida.
Ynskjer du tilgang til rettemelding for første gong, kontakt DLE på dle@linja.no for å få tildelt brukernamn og passord.
Skal du opprette brukar til montørane dine, trykk F1 på rettemeldingsportalen for rettleiing.
Informasjon om kva du kan og ikkje kan gjere finn du i Elsikkerhetsportalen. Det enklaste og beste er om arbeidet blir meldt på vanleg måte via installatør. Dersom det ikkje er mogleg kan du sende informasjon til dle@linja.no og legge ved skjemaet melding om installasjonsarbeid.
Her finn du informasjon om og skjema for å søke tilk nyting til nettet.