Vi driv med tilsyn, kontrollar og rettleiing for å sikre eltryggleiken. Dette er ei lovpålagd oppgåve. Praktisk informasjon om eltryggleik ligg i Elsikkerhetsportalen.

All informasjon om elsikkerheit ligg samla i éin og same portal. Dette er felles for alle norske lokale eltilsyn. Her er det alltid oppdatert informasjon. Informasjonen er både for elbransjen, røyrleggjarar, heimetenesta, byggjeplassar, landbruk og om vanlege hus og heimar.

Det lokale eltilsynet (DLE)

Linja er det lokale eltilsynet for store delar av Sunnmøre, Nordfjord og Sunnfjord. Etter lova skal vi drive kontrollar og tilsyn med elsikkerheit. Våre oppgåver er å

  • gi råd om bruk og vedlikehald av elektriske anlegg og utstyr
  • kontrollere at verksemder som omset elektrisk utstyr gjer det i tråd med regelverket
  • kontrollere at installatørar har nødvendig kompetanse og riktige rutinar
  • informere alle typar verksemder om at det er nødvendig å ha eltryggleik i internkontrollrutinar
  • kontrollere og følgje opp verksemder med elektromedisinsk utstyr
  • støtte politiet ved brann- og ulykkesforsking
  • informere om eltryggleik i skulen

Du får tak i oss på dle@linja.no eller ved å ringje 05247.

Kontroll av verksemder

Vi kontrollerer også elsikkerheita hos alle verksemder, eksempelvis næringsbygg og gardsbruk. Alle virksomheter som eig, eller nyttar elektrisk anlegg/elektrisk utstyr må ha eit eige internkontrollsystem. Internkontrollsystemet skal sørge for at det elektriske anlegget og elektriske utstyret vært heldt ved like.

Elkontroll heime

Alle bustader skal bli kontrollert om lag kvart 20. år. Nettkunde blir kontakta når det er tid for kontroll. Det er best om du er heime når det er kontroll, slik at du får all informasjon og rettleiing på best mogleg måte.

Undervising for 6.- og 9.-steget

Det er viktig for oss å undervise og informere barn og ungdom om eltryggleik. Vi har laga eit tilpassa opplegg for 6.- og 9.-steget. Det kan høve i fleire fag, blant anna naturfag og samfunnsfag.