Du kan vere med på den grøne omstillinga i eit miljø som kvar dag arbeider for at du skal vere trygg på arbeid i eit godt kollegium. Vi deler Fornybar Norges mål om at alle skal vere trygge på arbeid og kome friske og glade heim.

Cover image

Saman med over 300 tilsette på 14 arbeidsstader i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre kan du vere med på å sikre nødvendig infrastruktur for framtida. Hos oss arbeider montørar, sivilingeniørar, fagarbeidarar, ingeniørar, reinhaldarar og administrativt tilsette i lag for å sikre straum til deg og kraft til det nye.

Cover image

Linja er også ein stad å lære. Vi har cirka 20 lærlingar, er opne for studentar i praksis og sommarjobb, og legg til rette for at våre tilsette lærer og utviklar seg gjennom arbeidslivet. Ta gjerne kontakt med oss for å sjå om det er moglegheiter for deg hos oss.