Du kan spare straum og pengar med smart bruk av straum og teknologi. Her finn du ut kva du gjer for å styre forbruket ditt eller bruke/installere solceller.
Mange skaffar seg elbil. Då er det viktig å lade trygt. Les sidene våre på Elsikkerhetsportalen for oppdaterte tips og reglar for trygg lading av elbil. Det er også viktig å lade bilen på tidspunkt der du ikkje brukar mykje straum. Det gir lågare nettleigerekning for deg, og sørgjer for at vi utnyttar nettkapasiteten betre.
Installatøren din har meldeplikt for tilknyting av elbilader med ladestrøm over 16 A der overbelastningsvern er mindre eller lik 80 A.
For å få god oversikt over forbruket ditt anbefaler vi at du brukar Mi side . Der ser du kor mykje straum du brukar. Viss du har aktivert HAN-porten og kopla han til smarthustenester kan du få sanntidsoversikt. I følgje SSB fordeler straumbruket seg slik: oppvarming (60 %), varmtvatn (15–20 %), elektrisk utstyr i heimen (10–15 %) og lys (10 %). Du kan bruke smarthus-løysingar for å styre straumen. Det løner seg mest å redusere oppvarming og varmtvatn.
Tre enkle tips som gir deg lågare straumrekning og smartare straumbruk:
Alle automatiske straummålarar har ein utgang/port som heiter HAN (Home Area Network). Denne kan du kople til kommunikasjons- eller smarthus-løysingar som hjelper til deg til å overvake, analysere og styre energiforbruket ditt. Du opnar og stengjer HAN-porten gratis på Mi side.
Få oversyn over straumforbruket ditt og aktiver HAN-porten din.
Ein plusskunde er ein nettkunde som både brukar og produserer straum, til dømes med solcellepanel på taket. Hos Linja kan du bli plusskunde dersom du ønskjer å produsere din eigen straum, så lenge overskotet du leverer tilbake til nettet ikkje overstig 100 kWh/h.
Som plusskunde slepp du å betale nettleige for straumen du sjølv produserer og brukar. Når eigen produksjon ikkje dekker behovet ditt, gjeld vanleg nettleige for straumen du kjøper frå nettet. For overskotsstraumen du leverer til nettet, får du ei nettleige med eit negativt energiledd.
Viktige punkt:
Ønskjer du støtte til solceller?
Du kan søkje om økonomisk støtte til solcelletiltak på eigen bustad gjennom Enova.
Frå og med 1. oktober 2023 kan kundar på same eigedom(g.nr/b.nr), som burettslag, fleirmannsbustadar eller næringsbygg, dele eigenprodusert straum utan å betale nettleige eller avgifter for det dei brukar sjølv. Dette gjeld anlegg med opptil 1000 kW (1 MW) installert effekt. Med den nye delingsordninga kan det delast straum frå felles solcellepanel, noko som kan redusere nettleiga og avgifter på forbruk av straum som er produsert på eigendommen.
Korleis fungerer det hos Linja?
For å opprette en delingsordning ta kontakt med kundesenter@linja.no
Les meir om Modell for deling av overskuddsproduksjon hos NVE.
Med AMS-målar treng du ikkje lese av forbruket ditt. Målaren rapporterer dette sjølv. AMS står for avanserte måle- og styringssystem, men kallar det like ofte "smart straummålar" eller "automatisk straummålar".
Det er også mogleg å kople målaren opp mot ulike smarthus-løysingar og dermed styre straumbruken på ein betre måte.
Vil du stenge straumen i periodar?
Du kan stenge straumen frå intern brytar på målaren. Då vil målaren ha kommunikasjon, og samtidig rapportere null forbruk. Det er viktig å gjere dette i staden for å skru av hovudsikring. Les meir i manualen til din straummålar.
Er du usikker på om straummålaren målar rett?
Det løner seg å gjennomføre eigen målarkontroll. Oftast kjem feilen frå eige utstyr og anlegg.
Set deg inn i brukarmanualen til straummålaren din. Lenke ligg nedst på sida.