Linja skal levere straum til alle heimar, hytter og bedrifter i vårt område. Då må det vere nok straum til alle. Det er det ikkje alltid. Derfor må du søke om ny eller meir straum, og vi må planlegge.
Det er litt ulike rutinar etter kor stort straumbehov du har, sjølv om prosessen følgjer dei same stega.
Mindre kundar med tilknyting under 250 A / 100 kW
Ta kontakt direkte med autorisert elinstallatør. For einebustader, hytter og andre mindre prosjekt er det autorisert elinstallatør som søkjer for deg, og tek seg av innmelding om tilknyting.
Store kundar med tilknyting over 250 A / 100 kW
Ved større prosjekt må du bruke Linja sitt innmeldingsskjema som du finn i lenka under. Du må melde inn så tidleg som mogleg. Det er mange saker for tida, og du må rekne med saksbehandlingstid på opp til fire månader.
Større kundar med tilknyting over 1000kW
Då må du leggje fram meir dokumentasjon. Du treng blant anna ei vurdering av mognad (modenhet) for prosjektet. Prosjektet må vere mogen før du får reservere plass i nettet. Sjå meir på Kø, reservasjon og modenhet (fornybarnorge.no).
Konsesjonsområdet vårt er:
I tillegg er Linja nettutviklingskoordinator i desse kommunane:
I dag er det avgrensa kapasitet i store delar av kommunane Giske, Hareid, Herøy, Sande, Sula, Ulstein, Volda, Ålesund og Ørsta kommunar. Det er også utfordringar i Fjord, Stranda, Stryn, Vanylven og regionalnettet i Vestnes. Det kan også vere utfordringar andre stader i nettet, særleg for større utbyggingar.