Målet vårt er å gjennomføre rydding ved kraftlinjene i nærområdet ditt på ein måte som skapar minst mogleg ulempe for alle. Det betyr at vi forsøker å ta omsyn til natur, grunneigarar, landbruksdrift og friluftsliv. Samtidig har vi rett til å rydde på privat eigedom for å sikre straumlinjene.

Gi oss beskjed

Vi oppmodar deg til å ta kontakt dersom du ser trær eller anna vegetasjon som kjem farleg nær kraftlinjene. Dersom eit tre fell på kraftlinja, er det straumleiande og til fare for alle i ein radius på 40 meter. Gå unna, hald avstand og ring vår døgnopne driftssentral på telefon 05247.

Slik ryddar vi

Vi ryddar for det meste medmotorsag når vi driv med linjerydding. Våre erfarne skogryddarar veit kva skog som må bort, og kva som kan stå. Skogen blir risikovurdert ut frå kva fare den kan utgjere for linja. Tre som er skeive, har råte, står grunt eller er lange og tynne prioriterer vi å ta bort. Tre og buskar som veks seint, til dømes einer,kan i mange tilfelle få stå.

Langs lågspentlinjer kan større tre ofte kunne få stå, sjølv om dei er nær linja. Dei blir i så fall kvista, slik at det ikkje påverkar linja eller at nokon kan klatre opp i dei.

Kor breitt vi må rydde er avhengig av kor sterk spenning det er på linja:

Høgspent 66 og 132 kV: 18–30 meter samla breidde

Høgspent 11 og 22 kV: normalt 6 meter på kvar side av linja

Lågspent 230–1000 V: normalt 1,5 meter på kvar side av linja

For deg som er grunneigar

Cover image

Ved skogrydding langs høgspentlinjer blir grunneigarane normalt varsla med brev eller telefon. Lågspentlinjene er dei kraftlinjene som fører straumen inn til kvart enkelt hus. Vi ryddarsystematisk langs alle lågspentlinjene vi har.Du blir normalt varsla med SMS eller direkte kontakt. Før rydding i private hagar tar vi, så langt som råd, direkte kontakt med deg på staden. Viss du ikkje er til stades kan mindre arbeid byrje. .

Vi behandlar trestubbane med plantevernmiddel for å unngå at det veks opp nytt kratt. Stubbane blir ikkje behandla i hagar, tettbygde strøk og der det går husdyr. Dersom du ønskjer å reservere deg mot stubbebehandling på eigedomen din, kan du ta kontakt med oss. Du hjelper oss med å halde kraftlinjene fri for skog og kratt om du unngår å plante buskar, tre eller høge hekkar i området under kraftlinjene.

Linja eig ikkje skogen, men vi har normalt rett og plikt til å halde vegetasjonen unna straumførande linjer. Trevirket høyrer til grunneigaren og blir lagt att på eigedommen. I aktivt brukte beite, ved innmark, stiar, vegar og i/inntil hagar ryddar vi kvisten i haugar. Alle andre stader blir kvisten liggjande naturleg spreidd. Då brytast det raskast mogleg ned.