Linja har plikt til å levere straum til dei av våre nettkundar som er utan avtale om straumleverandør. Det er dyrare enn avtalar med straumleverandør.
Straumen din blir til vanleg levert av to selskap
Viss du ikkje har avtale med straumleverandør er nettselskapet pliktig til å levere det. Leveringspliktig straum er til vanleg dyrare enn avtale med straumleverandør.
Inntil du har valt deg ein straumleverandør er nettselskapet pliktig til å levere straum på dyrare vilkår enn normalt. Vi i Linja er pålagt å levere straum i vårt område slik at kundane ikkje mister straumen om du flyttar, straumleverandøren er konkurs eller andre grunnar.
Prisen for leveringsplikt er regulert av NVE, og informert om på nettsida til NVE.
Vi anbefaler deg at du tar kontakt med ein valfri straumleverandør for å bestille den straumavtala som passar deg best. Det er mange leverandørar, og enda fleire typar avtaler.