Ny 132 kV transformatorstasjon i Ulsteinvik
Linja sin plan for utvikling av nettet på Søre Sunnmøre viser behov for ein ny 132 kV ledning frå Ørsta TS fram til Ulstein TS. Dette tiltaket vil trigge behov for etablering av ny 132/22kV Ulstein transformatorstasjon. Den eksisterande transformatorstasjonen i Ulsteinvik har transformering 66/22kV, her ser vi utfordring med omsyn til trafokapasitet og det er lite muligheit for utviding på tomta.
På bakgrunn av dette har vi utarbeidd plan for ny Ulstein transformatorstasjon i industriområdet Saunesmarka utanfor Ulsteinvik, denne skal overta funksjonen til eksisterande Ulstein transformatorstasjon. Den nye stasjonen vil vere utrusta med eit innandørs gassisolert koblingsanlegg som skal knyte saman 132kV linjene mot transformatorstasjonene på Hareidsberget, Håheim og Ryste, og vil ha plass for framtidig utviding.
For å knyte den nye transformatorstasjonen til regionalnettet på søre Sunnmøre må det òg etablerast ein ny 132 kV leidningsforbindelse til eksisterande linjetrasé på Hareidseidet. Frå konsesjonsmyndigheitene har vi fått pålegg om å greie ut to alternativ, eit med bruk av jordkabel og eit med luftlinje. Kartutsnitt som skisserer desse alternativa er vedlagt.
Grunnen til at Linja planlegg desse tiltaka er å styrke forsyningssikkerheita og kapasiteten lokalt i Ulstein, men er òg eit steg i eit prosjekt Linja arbeider med for å kunne gje kapasitet till næringsutvikling og tryggare straumforsyning på heile søre Sunnmøre. Såleis er dette ein del av Linja sine plikter gjennom områdekonsesjonen.
Utbygging av transformatorstasjon og 132 kV leidning krev eigen anleggskonsesjon etter Energilova. Linja må difor søkje løyve hjå NVE som handsamar saka i tråd med gjeldande lovverk og praksis. Konsesjonssøknad for tiltaket er utarbeidd og oversendt NVE.
