Linja eig og driv no også nettet i Stranda kommune, som inkluderer Hellesylt, Liabygda og Geiranger. Tindra Nett og Linja fusjonerte vinteren 2023/2024.
– Vi gler oss over å ha fått Stranda og deira tilsette med på Linja-laget , seier Rune Kiperberg som er adm. dir i Linja.
Samfunnsutvikling, grønt skifte og elektrifisering er ord vi ofte høyrer i media. Men ikkje alle tenkjer over det må vere tilstrekkeleg straumnett og nok kraft for at vi skal kunne nå klimamåla og utvikle samfunnet.
– Vi er glade for å kome inn i eit sterkt kompetansemiljø. Dette vil styrke utvikling i samfunnet og gi oss ein enda betre beredskap. Alt i alt er det svært positivt for både oss tilsette, og innbyggjarane i Stranda kommune, seier Dag Ronald Sylte, tillitsvald i Tindra.
– Linja er eitt av dei størte nettselskapa i landet og dette er med på å sikre utviklinga av forsyningsnettet i Tindra sitt område for framtida, og bidra til ei god samfunnsmessig utvikling og drift av ein av dei viktigaste infrastrukturane i samfunnet, seier Arve Hovdenak, dagleg leiar Tindra Nett.