Oppdatert prosess for tilknytingssaker frå 1 MW

Mange søker om tilknying til straumnettet. Det er mange søknader, og mange søkjer om opp mot fleire hundre MW. Det fører til kø i tilknytinga. Linja arbeider saman med Statnett om å vurdere tilknyting i heile prisområde NO3.

Nettselskapa og Statnett opplever ein enorm pågang med tilknytingssaker, både i tal og storleik. Det føreligg førespurnader heilt opp i fleire hundre MW, som i stor grad munnar ut i samfunnet sitt mål om å gjere industri og transport fossilfri. Summen av sakene, i kombinasjon med at det er svært få planar om ny produksjon, gir utfordringar knytt til framtidig nettkapasitet. Utan ny produksjon vil det oppstå flaskehalsar i forsyninga langt opp i transmisjonsnettet, og difor må tilknytingssaker for store område bli handsama samla. For kundar hos Linja betyr det at kapasitetsførespurnader i Linja sitt område bli vurdert saman med førespurnader så langt som til og med Trøndelag og Innlandet, altså heile prisområde NO3.

Prosessen for tilknyting av forbruk frå 1 MW har sidan 2019 vore at både lokalt nettselskap og Statnett behandlar førespurnaden, og formelt reserverer kapasitet. Ingen får knyte seg til nettet før det er avgjort at det er forsvarleg å knyte forbruket til nettet, og effekten er reservert i alle nettnivå heilt opp i transmisjonsnettet. Til no har prinsippet om «først til mølla» vore handterbart, men no ligg det føre fleire førespurnader i Midt-Noreg enn det er plass til i nettet. Difor må modne prosjekt prioriterast for reservasjon av kapasitet. For å kunne sortere og prioritere dei rette sakene, må Linja forstå kor modne dei ulike prosjekta er. Prosjekt som allereie har fått reservere kapasitet må også vise til nødvendig modnad og framdrift for å få behalde sin reservasjon.


Mange har venta lenge på svar og tilbakemelding på om det er forsvarleg å knyte forbruket til nettet, i påvente av arbeidet med områdeplanar og avklaring av kapasitet i NO3. Difor har Statnett sett ein bestillingsfrist fram mot 31. august, og etablert ein tilpassa prosess for vurderingar og reservasjon utover hausten.


Fram mot sommaren vil Linja gå i dialog med aktuelle kundar for å avklare prosjekta sin modnad, med oppdaterte planar for mellom anna framdrift, formalitetar og finansiering. Vidare vil dei tilstrekkeleg modne prosjekta sorterast på dato for førespurnad, og få avklart eventuell reservasjon av kapasitet i løpet av hausten 2023. Dei modne prosjekta som ikkje får reservere kapasitet, vil kome i reservasjonskø. Dei prosjekta som ikkje er modne nok til reservasjon, vil få informasjon om kva som må til for å oppnå nødvendig modnad.


Linja opplever at enkelte kundar investerer i utstyr før kapasitet i nettet er avklart. Det er viktig å understreke at tilknyting til nettet ikkje vil bli gitt utan at kapasitet er avklart i Linja sitt nett, og det er gjeve klarsignal frå Statnett om reservasjon i transmisjonsnettet.


Eventuelle spørsmål skal rettast til Tilknytingsansvarleg for store kundar, Sindre Nordang, Sindre.nordang@linja.no

Relaterte artikler

Auka behov for straum gir kø

Statnett og Linja har vurdert kapasitet i nettet. Statnett aukar grensa for behandling til 5W. Vi behandlar søknader innan den grensa.