Linja henta inn 1,2 milliardar kroner til nye nettinvesteringar

Linja har for første gong henta finansiering i obligasjonsmarknaden.
2. september henta selskapet inn til saman 1,2 milliardar kroner gjennom nye, grøne obligasjonslån. Pengane skal bidra til å refinansiere gjeld og til å finansiere dei omfattande investeringane i straumnettet dei komande åra.
Administrerande direktør Helge Robert Midtbø presenterte Linja for ei rekkje investorar, frå store finansielle aktørar til pensjonskasser og sparebankar. Interessa var stor.
– Den store interessa frå investorane viser at det er tillit til Linja og oppdraget vårt. Det er vi både stolte og glade for, seier administrerande direktør Helge Robert Midtbø.
Straumnettet må utviklast for å møte veksten i straumforbruket og behova til både innbyggjarar og næringsliv. Samstundes aukar krava til kapasitet, forsyningstryggleik og effektiv drift. Dette krev store og langsiktige investeringar.
Banklån er framleis ei viktig finansieringskjelde for Linja. Ved å gå inn i obligasjonsmarknaden får selskapet tilgang til fleire måtar å finansiere nettinvesteringane på.
Tilgangen til berekraftig finansiering gir Linja eit betre grunnlag for å gjennomføre investeringane som ventar.
I november 2025 fekk Linja på plass eit rammeverk for utsteding av grøne obligasjonar. Rammeverket slår fast kva investeringar pengane kan brukast til, korleis investeringane skal veljast ut, og korleis Linja skal følgje opp og rapportere bruken av midlane.
Rammeverket er i samsvar med EUs taksonomi for berekraftige aktivitetar og har fått vurderinga «Dark Green», eller mørkegrøn.
Dette er den sterkaste grøne nyansen i Shades of Green-metodikken. S&P Global forklarer at vurderinga blir brukt på finansiering som ligg nærast målet om ei framtid med låge utslepp. Vurderinga viser at aktivitetane som kan få finansiering gjennom rammeverket, støttar utviklinga mot eit samfunn med lågare utslepp.
Grøn finansiering handlar om at investeringane har eit miljøformål. Men Linja må også kunne dokumentere kva pengane går til, og korleis investeringane blir vurderte og følgde opp.
– Berekraft skal vere ein del av planlegginga og gjennomføringa av prosjekta våre. Vi skal byggje nettet så effektivt som mogleg, avgrense belastninga på natur og miljø og ha god dialog med dei som blir påverka, seier Bente Fylken.
Slik heng finansieringa saman med måten Linja planlegg og byggjer straumnettet på. Målet er å utvikle nettet og auke kapasiteten, samstundes som omsynet til natur, miljø og dei som blir påverka, blir teke vare på.
Banklån er ei viktig finansieringskjelde for Linja. Gjennom obligasjonsmarknaden får selskapet i tillegg tilgang til kapital frå fleire investorar. Det gir fleire finansieringskjelder og eit betre grunnlag for å finansiere store investeringar over lang tid.
Ein obligasjon er eit lån der profesjonelle investorar låner pengar til eit selskap mot rente.
Ein grøn obligasjon er eit lån der pengane skal brukast til nærare definerte investeringar med positiv effekt på klima eller miljø.
Ein grøn obligasjon er eit lån der pengane skal brukast til nærare definerte investeringar med positiv effekt på klima eller miljø. Her kan du laste ned kredittratingen Linja.
Rammeverket definerer kva pengane kan brukast til, korleis investeringane blir valde og følgde opp, og kva Linja skal rapportere til investorane.