Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNorgesprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettetTilko - slik søker du om tilknyting over 1 MW
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Helge Robert Midtbø er på plass i Linja

Helge Robert Midtbø har i dag sin første arbeidsdag som administrerande direktør i Linja.

Midtbø kjem frå stillinga som direktør for drift og eigedom i Helse Førde. I tillegg har han vore varaordførar i Sunnfjord kommune, men har gått ut av det politiske verva i samband med jobbskiftet.

Han tek no over leiinga av eit nettselskap som står framfor store investeringar og aukande krav til nettkapasitet.

Vil bruke dei første månadene på å bli godt kjent med Linja

– Vi har eit stort samfunnsansvar som forvaltarar av kritisk infrastruktur. Stabil drift, høg leveringstryggleik og godt beredskapsarbeid blir derfor heilt sentrale tema framover.

– Linja er eit veldrive selskap, men vi må heile tida utvikle oss i takt med samfunnsutviklinga og forventningane frå kundar, eigarar og tilsette. Eg ser verkeleg fram til å få bli kjent med selskapet og dei tilsette, og er no klar for å bruke nødvendig tid og fokus på jobben i Linja.

Prioriteringar og første steg

I oppstarten vil Midtbø setje seg inn i dei strategiske prioriteringane, økonomien og dei største utviklingssakene i selskapet. Han vil òg reise rundt på dei forskjellige lokasjonane for å møte tilsette og få innblikk i drifta og dei lokale forholda i forsyningsområdet.

Som andre nettselskap opplever også Linja auka etterspurnad etter kapasitet, og dette blir ein viktig del av utviklingsarbeidet framover.

Styreleiar Erik Espeset er glad for at Midtbø no er på plass

– Styret er oppteke av å vidareføre strategien som er lagt, slik at Linja nyttar ressursane godt, leverer på trygg straumforsyning og held nettleiga så låg som mogleg for kundane. Samtidig skal Linja vere ein attraktiv kompetansearbeidsplass på Vestlandet, seier styreleiar Erik Espeset.

Solid bakgrunn frå energi og offentleg sektor

Midtbø er elektroingeniør og har brei erfaring frå energibransjen, industri og offentleg sektor. Han har mellom anna hatt leiande roller i Sunnfjord Energi og Siemens, og kjem no frå stillinga som direktør for drift og eigedom i Helse Førde.

Han har òg hatt styreverv i BKK gjennom sitt politiske engasjement, noko som har gitt han innsikt i energimarknaden og utviklinga av nettselskapa dei siste åra.

Lokal forankring

Han har røtene sine i Svelgen, er busett i Førde men er også ofte i Bremanger der han har hytte.

Om Linja

Linja er det lokale nettselskapet frå Sunnfjord til Sunnmøre med til saman 14 lokale montørbasar og kontor spreitt i heile regionen. Selskapet har ansvar for å drifte, vedlikehalde og utvikle straumnettet i store delar av Vestlandet, og er eitt av dei største nettselskapa i landet. Linja spelar ei viktig rolle i den vidare elektrifiseringa og næringsutviklinga i området.

Kontakt:

Erik Espeset, styreleiar – 905 20 033

Christin Aare, fagleiar kommunikasjon – 979 83 962

Vil du dele denne artikkelen?

Relaterte artikler

Ny administrerande direktør

Helge Robert Midtbø er ny administrerande direktør i Linja. Han tiltrer i stillinga 1. februar 2026.

Les meir
Auka behov for straum gir kø

Statnett og Linja har vurdert kapasitet i nettet. Statnett aukar grensa for behandling til 5W. Vi behandlar søknader innan den grensa.

Les meir
Nettleiga går ned frå nyttår

Frå 1. januar 2026 får du lågare nettleige. I tillegg til redusert nettleige blir også forbruksavgifta til staten senka. Sjå kva det kan utgjere for deg.

Les meir
Les fleire saker
Kontakt kundesenter
Vakttelefon 05247 (24/7)
StraumbrotskartNettleigeGravemeldingTilknyting til nettet
Linja AS
post@linja.no,
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2026 Linja