Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNorgesprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettetTilko - slik søker du om tilknyting over 1 MW
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Feil på straumnettet 20. juli 2025

Søndag 20. juli oppstod det ein feil på straumnettet i Tømmerbakk/Nupen i Ørsta. Det er gjennomført ei undersøking og laga ein rapport frå hendinga.

Søndag 20. juli oppstod det ein feil på straumnettet i Tømmerbakk/Nupen i Ørsta. Då feilen skulle rettast, vart det ved ei misforståing kopla til 400V i staden for 230V. Dette førte til skadar på elektriske apparat hjå nokre av kundane våre.

Vi beklagar sterkt dei ulempene dette har ført med seg for dei berørte kundane.

For effektiv handsaming av skadessaker oppmodar vi ramma kundar til å kontakte forsikringsselskapa sine.

Vår interne gjennomgang av hendinga syner at dette skuldast ein kombinasjon av brukarfeil hos montør, uheldige utforming av aggregatet og manglande spenningsmåling før innkopling. Vi har sett i verk konkrete tiltak for å sikre at dette ikkje skjer igjen.

Rapporten vår kan lesast her.

Dersom du er råka av hendinga

Meld skaden til forsikringsselskapet ditt så snart som mogleg. Erfaringa vår er at dette gir raskast oppgjer.

Eit uavhengig installatørfirma vil gå gjennom dei elektriske installasjonane hos deg for å sikre at alt ser greitt ut. Dersom du ikkje har blitt kontakta av oss om dette, send oss ein epost på kundesenter@linja.no

Forsikringsselskapet registrerer, takserer og handterer skaden etter vanleg praksis.

Linja AS vil deretter handtere regresskrav frå forsikringsselskapa.

Taksering og verdivurdering

Forsikringsselskapa har ansvar og kompetanse til å vurdere verdi og alder på skada utstyr. Linja følgjer praksisen og retningslinjene som gjeld i forsikringsbransjen.

Eigenandel

Dersom forsikringsselskapet ditt vurderer hendinga til å liggje innanfor Linja sitt ansvar, vil vi sørgje for å dekkje eigenandelen din.

Dialog med forsikringsselskapet ditt

Dersom du ikkje kjem vidare med forsikringsselskapet, tilråder vi at du ber om skriftleg grunngjeving for vedtaket. Du kan ta saka vidare til Elklagenemnda, som er eit uavhengig klageorgan.

Spørsmål

Vi ønskjer å bidra til at prosessen vert så ryddig og smidig som mogleg for alle partar. For spørsmål kan du ta kontakt med oss på telefon 05247 eller e-post kundesenter@linja.no

Vil du dele denne artikkelen?
Kontakt kundesenter
Vakttelefon 05247 (24/7)
StraumbrotskartNettleigeGravemeldingTilknyting til nettet
Linja AS
post@linja.no,
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2026 Linja