Årsrapport 2023: Driftsesultat på 399 mill. kr

Samla driftsinntekter vart i 2024 1 246 mill.kr, og Linja AS fekk eit driftsresultatet på 399 mill. kr. Netto finanskostnader er 123 mill. kr og resultat før skatt er 276 mill. kr.

Skattekostnaden vart 67 mill. kr, og Linja sitt årsresultat vart 209,7 mill. kr. Vi har avsett 63 mill.kr i utbyte til eigarane, og styrka eigenkapitalen med 146,7 mill.kr.

– Linja er no mellom dei største nettselskapa i Noreg målt i nettkapital, og vi har om lag 103 000 kundar i distribusjonsnettet vårt. Eit av måla våre er å møte utfordringar ved å investere i digitale løysingar. Slik vil vi byggje ein effektiv og desentral organisasjon, med ei lågast mogleg nettleige. Dette til det beste for kundar, medarbeidarar og eigarar, skriv administrerande direktør Rune Kiperberg i årsrapporten.

Sjå årsrapport