Synfaring med helikopter
15.-16. mars 2023
Frå onsdag 15.mars til og med torsdag 16.mars vil Linja gjennomføre inspeksjon av høgspentlinjene i store delar av Linja sitt nettområde. Det betyr at helikopteret vil fly lågt, ned mot 20 til 50 meter over bakken. Det er dei store overføringslinjene i høgspentnettet som skal inspiserast. Desse er ofte plassert utanfor bustadområder, så mange kundar vil ikkje merke noko til flyginga.
Årleg inspeksjon
Dette er ein del av den årlege inspeksjonen Linja gjer. Kvart tredje år nyttar vi helikopter til inspeksjonen av delar av linjenettet. Dei andre åra brukar ein drone eller synfaring frå bakken. Det er fleire grunnar til dette, mellom anna tilkomst og at ein får inspirert linjenettet frå forskjellige sider.
Varsling og omsyn
Kundar i områda det gjeld vil bli varsla på sms. Dersom vi observerer dyr i området vi skal fly, vil ein unngå det.
Av omsyn til sikkerheit og vêrforhold kan planane endre seg. I so fall vil informasjon på linja.no bli oppdatert.
Områder synfaringa gjeld:
- Grov-Brandsøy
- Svelgen-Rugsund
- Bryggja-Deknepollen
- Bryggja-Åheim
- Ringstad-Fossedal
- Beksle-Kjøde
- Sandane-Øksenelvane
- Eid-Leivdal
- Eid-Åmela
- Leivdal-Tomasgard
- Myrvang-Bø
- Myrvang-Tomasgard
- Drageset-Bø
- Reed-Drageset
- Sagefossen-Storebru
- Moskog-Grov
- Magnhildskaret-Grov
- Ålfoten-Bryggja
- Myklebustdalen-Skei
- Skei-Moskog
- Skei-Reed
- Lunden-Leivdal
- Åskåra-Ålfoten
- Mel-Myklesbustdalen
Arbeidet blir utført av Fonnafly helikopterselskap.
Har du spørsmål, kontakt Linja sitt kundesenter på telefon 57 88 48 50 eller e-post kundesenter@linja.no