Bygge og grave
Det er mykje å tenke på når ein skal bygge, grave eller rive. Her finn du informasjon som kan vere til hjelp.
Treng du byggestraum til prosjektet ditt skal du frå 01.01.2022 kontakte en autorisert elektroinstallatør. Elektroinstallatøren vil handtere det praktiske mot Linja AS for å få kople byggestraumskapet til straumnettet.
Avtale om byggestraum må signerast før ein får tilkobla byggestraumskapet. Linja AS vil sende ut avtale til signering når vi mottek melding frå elektroinstallatør.
For å få kobla til eit byggestraumskap må ein rekne med at det tek inntil tre veker frå vi mottek melding frå elektroinstallatøren.
Skal du byggje nytt og treng straum? Gjer deg kjent med kva vi kan hjelpe deg med og kva plikter du har. For at du skal vere sikra straum til bustaden din når du flyttar inn, må bestilling av tilknyting til straumnettet skje innan tre månader før du startar på prosjektet.
Har du spørsmål om straum til ny bustad, kan du kontakte kundesenteret vårt. Kontaktinfo finn du nedst på sida.
Det er mange som søker om tilkopling til straumnettet. Summen av alle saker, i kombinasjon med at det er svært få planar om ny produksjon, gir utfordringar knytt til framtidig nettkapasitet. Utan ny produksjon vil det oppstå flaskehalsar i forsyninga langt opp i transmisjonsnettet, og difor må tilknytingssaker for store område bli handsama samla.
Alle som skal utføre gravearbeid på eigendomen sin må sørge for ei gravemelding. Ei gravemelding inneheld mellom anna kart som viser våre installasjoner i arbeidsområdet, og gir opplysninga om kva anlegg som kan bli berørt av gravinga. For å be om gravemelding må du gå inn på nettsida til Geomatikk. Der kan du registrere nye gravemeldingar, effektivt halde oversikt over alle dine førespurnader og status.
Det er livsfarleg å kome i kontakt med kraftlinjer, også med anleggsmaskiner eller anna utstyr. Difor er det svært viktig at Linja blir varsla seinast tre dagar før arbeidet skal startast.
Når Linja har motteke varslinga vil vi vurdere arbeidet som skal utførast og gje rettleiing om farar og tiltak som må setjast i verk.
Linjerydding, trefelling og beskjæring
Felling av trær nær høgspentlinje skal foregå slik at farlege situasjonar ikkje oppstår. Bruk fagpersonell til slikt arbeid, og ta kontakt med Linja når du skal felle trær nær kraftlinjer.
Dersom skogrydding forårsaker skade på Linja sine anlegg, vil skadevolder bli stilt økonomisk ansvarleg for alle kostnader vi blir påført.
Linja har ansvar for straumnettet heilt inn til husveggen din. Vegetasjon nær linja kan skape problemer som slitasje og straumbrot. Vi gjer vårt beste for å halde vegetasjonen nede mest mogleg før det kjem i kontakt med straumnettet. Det betyr at vi også kan kutte trær på privat eigedom.
Meld frå
Vi oppmodar deg til å ta kontakt dersom du ser trær eller anna vegetasjon som kjem farleg nær kraftlinjene.
Er du grunneigar eller maskinentreprenør?
Er du profesjonell aktør og skal utføre arbeid nær eller i Linja sitt straumnett? Då må du ta kontakt med oss i god tid før maskiner eller anna utstyr kjem nærare enn 30 meter frå kraftlinjene.
Du finn meir informasjon om arbeid nær linja her.
Skade skjedd?
Dersom eit tre fell på kraflinja, er det straumleiande og til fare for alle i ein radius på 40 meter. Gå unna, hald avstand og ring vår døgnopne driftssentral på telefon 57 88 48 00