Nettleiga aukar

frå 1. januar 2024

Frå 1. januar aukar nettleiga for Linja sine kundar. Ei viktig årsak er at prisen nettselskapa må betale til Statnett for bruk av sentralnettet går opp. Samstundes er det behov for store investeringar i straumnettet. Auka rente og prisvekst i samfunnet påverkar også nettselskapet.

I eit par år har den delen av nettleiga som går til Statnett for bruken av sentralnettet i Noreg vore lågare som ein del av ei nasjonal støtteordning. I 2024 blir denne støtta redusert, med auka kostnad som konsekvens. Dette utgjer den største delen av auka nettleige.

Samstundes har Linja eit ansvar for å bidra til ei trygg og god straumforsyning for kundane våre, og legge til rette for at næringslivet i regionen kan utvikle seg. Dette i ei tid med meir elektrifisering, samstundes som straumnettet skal vere rusta til å møte stadig meir ekstremvêr. Det betyr at vi må gjere store investeringar i nettet – både bygge nytt nett, men også ruste opp det eksisterande.

Desse investeringane skal vi gjere så effektivt som mogleg. I tillegg jobbar vi politisk, saman med resten av bransjen, for å halde nettleiga lågast mogleg.

Under er døme på korleis dette påverkar tre typar bustadkundar:

Tidlegare Linja kundar (Sogn og Fjordane):

Leilegheit med årsforbruk 14 000 kWh: Snitt auke på 75 kr per mnd

Einebustad med årsforbruk 20 000 kWh: Snitt auke på 95 kr per mnd

Einebustad med årsforbruk 25 000 kWh: Snitt auke på 120 kr per mnd

Ønskjer du å snakke med oss om dette, ta kontakt med kundesenteret vårt. Våre opningstider er måndag til fredag 9-15.

Har du fått nettleige faktura frå Mørenett tidlegare kan du sjå prisane for Møre og Romsdal og Stryn her.