Linja - eitt av landets største nettselskap
Straumbrot
Når straumen går er vårt mannskap ute for å fikse det. Nokre gonger er det planlagt, og andre gonger er det uhell eller uver som er årsaka. Har du mista straumen? Sjekk kartet og gi beskjed dersom ikkje problemet er registrert.
Nettleige
Ny ordning for nettleige trer i kraft 1.juli. Den kan du lese meir om her. Her finn du alt du treng å vite om nettleige.
Bygge og grave
Skal du utføre gravearbeid, må du sende gravemelding før arbeidet. Det kan vere viktige straumkablar som sikrar forsyning og som kan vere livsfarlege å skade. Når alt er klart, og du får klarsignal kan du starte. Set deg inn i kva som er gjeldande reglar og anbefalingar.
Smart straum
Når straumrekninga blir høg er det ofte små ting som skal til for å spare straum. Lys, varme og elektriske apparat bruker straum gjennom dagen. Når du har kontroll på kva som brukar straum, kan du ved hjelp av smartare styring redusere forbruket og utan at det går ut over komforten.
El tryggleik
Dei fleste brannar startar i det elektriske anlegget eller ved feil bruk av elektriske apparat. Difor er det lurt at du får utført ein el-kontroll av bustaden din. Ditt lokale eltilsyn sjekker at det elektriske systemet er som det skal, og at den elektriske intallasjonen ikkje har feil eller mangar som kan utgjere ein risiko i bustaden din. Du får også råd og tips om trygg straumbruk.