Auka behov for straum gir kø

Statnett konkluderer etter analyse av heile landet

I 2022/23 utførte Statnett eit arbeid for å vurdere nettkapasitet opp mot forbruksplanar for heile landet. Dette arbeidet vart oppsummert i ti områdeplanar. Linja sitt nettområde er dekka i Områdeplan frå Sogn til Sunnmøre, og ligg i området definert som prisområde NO3. Vidare omfatta arbeidet ein analyse av NO3 totalt sett, frå og med Trøndelag til Høyanger.

Analysen viser at alle områda har store forbruksplanar og legg til grunn at dei skal importere straum frå andre områder. Samla sett er det for lite kraftproduksjon til å handtere dette, og konklusjonen er at totalt behov for tilknyting i straumnettet er større en tilgjengeleg nettkapasitet i transmisjonsnettet. Resultatet er at ein får ein kø for å få kopla til nye prosjekt til straumnettet.

Statnett konkluderer med at det er ein samla tilgjengeleg nettkapasitet på 2100 MW i NO3. Av dette er om lag 1450 MW reservert for konkrete tilstrekkeleg modne prosjekt som allereie er meldt inn. 650 MW blir halde av for auke i vanleg forbruk. Det er ytterlegare 1400 MW modne prosjekt som står i kø for tilknyting til straumnettet.

Saker under 5 MW og 20 GWh blir ikkje handsama av Statnett

Statnett har oppdatert sin definisjon av “vanleg forbruk”. Det inneber at kundar som ønskjer tilknyting til Linja sitt straumnett med mindre enn 5 MW avtalt kapasitet og med forventa årleg energiforbruk på mindre enn 20 GWh, ikkje lenger skal konkurrere med tilknytingssaker som er større enn 5 MW.

Det betyr at grensa for Statnett si behandling har auka frå 1 MW til 5 MW/20 GWh. Vi understrekar at det likevel kan vere begrensningar i Linja sitt straumnett som gjer at prosjekt med lågare effektbehov må vente på utbygging av nytt straumnett før dei kan kople seg på.

Ny produksjon er viktig

Nettutbygging aleine kan ikkje løyse kapasitetsutfordringane i kraftsystemet. Det må komemeir kraftproduksjon for å møte ønska utvikling i forbruk.