Tilknytning til nettet

I Linja sitt konsesjonsområde er vi plikta å sørge for tilknyting og vi har leveringsplikt. Med dette ansvaret har vi også ansvar for å undersøkje om tilknytinga er driftsmessig forsvarleg. Ein slik prosess går gjennom fleire steg.

1. Kontakt oss
Det kan ta tid frå ein opprettar kontakt fram til ein kan få tilknyting. Det er difor viktig at du søkjer om tilknyting så tidleg som mogleg.

2. Sakshandsaming
Linja må vurdere om prosjektet er gjennomførleg, til kva kostnad, mogleg løysing og anleggsbidrag. Det blir utarbeidd eit estimat, som innmeldar må akseptere. Vidare må innmeldar forplikte seg til å dekke kostnader ved utgreiing før ein kan gå vidare.

3. Planlegging
Teknisk løysing blir deretter detaljprosjektert, og det blir utarbeidd ei avtale om anleggsbidrag. Dette anleggsbidraget representerer den delen av dei samla kostnadene somkunden skal betale. Avtalen inkluderer også tidsfristar og krav som det er viktig at innmeldaren set seg inn i.

4. Gjennomføring
Naudsynte tiltak i nettet blir utført for å mogleggjere tilknyting av bestilt kapasitet.

5. Tilknyting
Når arbeidet i nettet er utført, kan sjølve tilknytinga skje. Deretter blir straummålarar montert av autorisert installatør og prosjektet er fullført.
Linja nyttar «Beste praksis for nettilknytning» frå Fornybar Norge. Du finn informasjon om den her.

Mindre kundar med tilknyting under 250A / 100 kW 
Ved tilknyting av einebustader eller mindre prosjekt er det autorisert installatør som søker, eller tar seg av innmelding om tilknyting. Ta derfor kontakt med installatør for slike prosjekt.

Større kundar med tilknytingar over 250 A / 100 kW 
Ved større prosjekt skal “Skjema for tilknyting” nyttast. Slike tilknytingssaker skal meldast inn så tidleg som mogleg. Grunna høgt volum av saker, kan det ta lenger tid enn vanleg å handsame søknader, og einmå rekne med opp til fire månader.

Skjema for ny tilknytning

Søknad
Før du søkjer, må følgjande informasjon vere tilgjengeleg:

  • Kva det søkast om og kvar dette er (Gnr/Bnr). Det er mogleg å leggje ved kart, situasjonsplan og liknande. Det kan òg leggjast inn forklarande tekst i eige felt.
  • For både kraftforbruk og kraftproduksjon må maksimal effekt for uttak/produksjon veremed. For kraftforbruk må det også meldast inn om du ønskjer fastkraft eller om tilknytinga kan vere fleksibel. Fleksibel kraft kan gi innsparingar for deg som kunde.
  • Det er særskilte vilkår ved søknad om tilknyting over 500 kW.
  • Ein må nytte skjema for tilknyting ved søknad

Tilknyting over 500 kW
Ved søknad om tilknyting over 500 kW må ytterlegare informasjon leggjast fram gjennom einvurdering av modnad. Informasjon om modnad finn du her. Alle tilknytingar over 500 kW / 2 GWh må vere definerte som modne før prosjektet får reservere effekt i nettet. Kø, reservasjon og modenhet (fornybarnorge.no)

Kapasitetsutfordringar i straumnettet 
Det er utfordringar med kapasiteten i straumnettet i fleire områder i Noreg. Dette gjeld òg i stor grad på Sunnmøre. Ei storstilt elektrifisering av samfunnet er hovudårsaka til desse utfordringane. Sjølv om elektrifiseringa er ei ønska utvikling for å nå mål om auka grøn verdiskaping og reduserte CO2-utslepp, fører det også med seg eit auka behov for meir straum og meir kapasitet i straumnettet. 2023 ble det året med historisk høgast etterspørsel etter ny nettkapasitet. Vi forventar ei enda større auke i behov i framtida.

Transmisjonsnettet – Statnett sitt ansvar
Grunna sterk auke i behov for tilknyting, er det avgjort at Statnett skal ha ansvar for å vurdere søknader om tilknyting på over 5 MW. I Linja sitt nettområde (prisområde NO3), frå Trøndelag i nord til Høyanger i sør, var det reservert 2100 MW kapasitet, samstundes som 1400 MW vart sett i kø.
Søknader under 5 MW og 20 GWh per år skal Linja handsame, utanom Statnett sin kø. Lenke til Statnett si side her.

Regionalnettet og distribusjonsnett – Linja sitt ansvar:
Det tar tid å auke kapasiteten i straumnettet. Arbeid som har vore planlagt for dei neste 20 åra, må gjerast på fem år dersom ein skal møte behovet. Konsesjonsprosessar, innkjøp og byggeprosessar tar like lang tid som før - noko som gjer det ekstra krevjande.

Tilknyting med vilkår
I områder med pressa kapasitet kan det vere høve til å få tilknyting med vilkår.
Det er eit alternativ for kundar som kan tole at ein blir kopla delvis eller heilt ut ved gitte driftssituasjonar. Ein inngår ei gjensidig avtale om dette mellom kunde og nettselskap, til det beste for kunden men som også sikrar ein fleksibilitet i kapasiteten.

  • Vanlege straumkundar, som private bustader/hytter eller mindre næring med effekt opp til 500 kW (2 GWh per år), kan få foreløpig tilknyting utan spesielle vilkår.
  • Kundar med effekt på 500 kW eller meir, vil berre kunne få tilknyting med vilkår fram til det er gjennomført auka kapasitet i straumnettet.

For all tilknyting er det ein føresetnad at det faktisk er kapasitet i distribusjonsnettet.

Avtale om tilknyting med vilkår vil tidlegast gjelde fram til Statnett og Linja har gjennomført nødvendige nettoppgraderingertransmisjons- og regionalnettet. Statnett har satt i gang tiltak for auka nettkapasitet som er planlagt ferdig i 2028. Linja er i gang med fleire prosjekt for å auke kapasiteten i regionalnettet, med planlagt ferdigstilling i 2032.