Solcellepanel

Framtidas nett vil bestå av fleire distribuerte energikjelder og meir aktive kundar. Er du ein av desse og ønskjer å installere solceller på taket ditt? Då må du lese meir her.

Ved å legge solceller på taket ditt, kan du lage din eigen straum og bli ein sokalla plusskunde. Ein plusskunde er ein straumkunde som både brukar og produserer straum. Når du lagar meir enn du sjølv brukar, kan du selje denne overskotsstraumen ut på nettet.


Både installatøren og du er ansvarlege for at anlegget er installert i samsvar med tekniske krav. Anlegget må difor meldast inn til Linja, som undersøkjer høvene for at du kan bli plusskunde.


Du kan finne meir informasjon som eigen el-produksjon og solcelle anlegg på Enova sine sider. Der kan du også søkje om økonomisk støtte.


Ta kontakt med kundesenteret vårt om du ønskjer å bli ein plusskunde.