Smarthus

Det er berre fantasien som set grenser for kva ein kan koble saman i eit smarthus.

Smarthus handlar om teknologi som kommuniserer for å gjere kvardagen din enklare. Du kan koble lysbrytarar, varmepumper og stikkontakter til ein sentral som kommuniserer over wifi. Når dette er tilkobla, kan du styre det meste via ein app på telefonen din.

Vanlege funksjonar i eit smarthus kan vere:

  • Inngangsdør som varslar at ungane er komne heim eller ei dør du kan styre via telefonen din
  • Automatisk styring av lys
  • Nattsenking av temperatur eller fjernstyring av varmepumpe
  • Smart el-billading som ladar når straumprisen er lågast
  • Effektstyring som kan koble ut til dømes varmtvasstanken ei stund det er høgt straumforbruk