Elbil

Slik ladar du elbilen trygt heime

Har du elbil og treng lading heime, anbefaler både Norsk Elbilforening og DSB (direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) at du installerer ein heimelader til elbil. Det er også anbefalt at du kontaktar elektroinstallatør i forkant. Ikkje alle hus har elektriske anlegg med kapasitet til lading av elbil. Installatør har oversikt over kva krav som gjeld for elbil-lading og kan hjelpe deg med nødvendige installasjonar.


Heimelading utan heimelader er lov, med nokre føresetnader. Du må ha eigen kurs til elbilen. Kursen må vere maks 10 A og ha jordfeilbryter type B.


Med den nye modellen for nettleige, vil det løne seg å fordele straumbruken utover døgnet. Ein måte å gjere dette på, er å legge til rette for trygg lading av elbil på natta.