Straumstønad

Straumstønad i Linja

Regjeringa sin straumstønad skal kompensere for høge straumprisar. Ordninga betyr at kunden får tilbakebetalt delar av straumutgiftene når den gjennomsnittlege straumprisen ein månad er over 70 øre pr kilowattime (87,5 øre inkl. mva). For tida blir ein kompensert for 90 prosent av det som overstig denne prisen.

Det er nettselskapet som handterer kompensasjonen. Dei månadane ein har krav på straumstønad, blir det automatisk trekt frå på faktura for nettleige.

Regjeringa har varsla endringar i straumstønaden, der det er foreslått at stønaden skal basere seg på straumprisen time for time, men dette vil truleg først verte gjeldande seinare i 2023.

Kven har rett på straumstønad

Alle hushaldningar har rett på straumstønad. Ordninga gjeld for forbruk opp til 5000 kWt per månad Det er svært få som brukar meir straum over dette. Ordninga gjeld ikkje hytter eller fritidsbustader.

Nettselskapet handterer ordninga

Det er nettselskapet som handterer ordninga, og kompensasjonen kjem på faktura for nettleige. Linja kjenner forbruket ditt, og reknar ut tilbakebetalinga di basert på dette.

Nord Pool opplyser om snittprisen for ditt prisområde for den gjeldande månaden, og dette avgjer kor mykje stønad du får. Det er ikkje din personlege snittpris. Uavhengig av kva straumavtale eller straumleverandør du har, er det snittprisen for heile månaden for ditt prisområde som avgjer om det blir stønad for ditt prisområde, og kor mykje det blir. Dersom to hushaldningar har forskjellig straumavtale, vil ein likevel få igjen like mykje kompensasjon dersom dei har likt forbruk og bur i same område.

Prisområder

Noreg er delt opp i fem ulike prisområder for straum. Det er sør, aust, vest, midt og nord. Linja sitt nettområde høyrer til midt, NO3.

Det er Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (REM) som publiserer snitt områdepris og stønadssatsar for kvart prisområde i Noreg. Kartet over prisområder på Noregs vassdrags- og energidirektorat syner korleis Noreg er delt opp, og viser godt prisforskjellane.

Informasjon om stønadssatsar for kvar månad kan de lese her.

Treng eg gjere noko?

Du treng ikkje å gjere noko. Dersom prisnivået i ditt område utløyser krav på straumstønad, blir det automatisk trekt frå nettleiga.

Ta kontakt med oss i Linja om du har spørsmål.