Nettleigeprisar

Alle som har straumtilførsel til bustaden sin eller til eit lokale må betale nettleige. Prisen vert fastsett kvart år av myndigheitene.

Alle som har straumtilførsel til bustaden sin eller til eit lokale må betale nettleige. Nettleiga du betalar skal dekkje dei kostnadene Linja har med å transportere straumen trygt fram til deg, byggje og halde ved like eit robust straumnett.


Nettleiga består av ein del som skal dekkje nettselskapa sine drifts- og utbyggingskostnader, i tillegg kjem avgifter som vi krev inn på vegne av staten (utgjer om lag 40%).


Det er styresmaktene, representert ved NVE (Noregs Vassdrags- og energidirektorat), som kontrollerer og regulerer kor høg nettleiga kan vere i dei enkelte områda av landet.


Justering av tariffane til Linja frå 1. april.
Grunna lågare kostnadar enn forventa og høgare forbruk vil Linja justere ned tariffane til sluttbrukarar frå 1. april. For ein sluttkunde med normalforbruk vil nedgang i tariff til Linja være kring 4,3 øre/kWh.


I tillegg til nettleige er nettselskapa pålagt å krevje inn forbruksavgift på elektrisk forbruk for staten. Staten har bestemt at grunna høge straumprisar skal forbruksavgifta i perioden 1. januar til 31. mars vere redusert. Gjeldande informasjon frå Staten er at frå 1. april skal forbruksavgifta igjen settast opp til normalt nivå.


Sjå gjeldande nettleige frå 1. april 2022 under.


Nettleige 2022

Frå 1.april til 1.juli:


Nettleige privatkundar, inkludert avgifter*


Energiledd 50,16 øre/kWh


Fastbeløp: 3000,- per år (250 kr/mnd)


Avgifter til staten


*Prisane som er oppgitt føreset følgjande avgifter:


  • Forbruksavgift januar-mars: 8,91 øre/kWh*
  • Forbruksavgift april-desember: 15,41 øre/kWh
  • Enova 1 øre/kWh
  • Enova bedrift 800 kr/å