Nettleige 2023
Auke i nettleiga frå 1.juli
Linja aukar nettleiga grunna høgare rente og den generelle prisveksten i samfunnet, kombinert med eit større investeringsbehov. For ein «gjennomsnittskunde» med eit straumforbruk på 20 000 kWh i året vil auken vere på 24 kr per månad.
Myndigheitene, ved RME (Reguleringsmyndigheten for energi), avgjer kor mykje nettselskapa kan ta i inntekter for å dekke kostnadane ved bygging, drift og utvikling av nettet. Desse kostnadane er eit spleiselag blant alle kundane som er tilkopla nettet.
Faktorar som straumpris, rentenivå og prisvekst generelt i samfunnet vil som regel påverke nettleiga. Det same vil omfanget av investeringar som må gjerast for å bygge nytt straumnett eller oppgradere det eksisterande.
Investeringar i straumnettet er avgjerande for å oppnå ei grøn omstilling, med verdien dette har for både notida og komandegenerasjonar. Investeringanelegg også til rette for vekst og utvikling i næringslivet og lokalsamfunna.
Under er døme på korleis dette påverkar tre typar bustadkundar.
Kundar i tidlegare Linja:
- Leilegheit med årsforbruk 14 000 kWh: Snitt auke i månadskostnad på 19 kr
- Einebustad med årsforbruk 20 000 kWh: Snitt auke i månadskostnad på 24 kr
- Einebustad med årsforbruk 25 000 kWh: Snitt auke i månadskostnad på 30 kr
Har du spørsmål om korleis dette påverkar deg kan du ta kontakt med kundesenteret.