Tilkopling til straumnettet
Skal du bestille straum og nettleige til ein bustad? Her finn du det du treng å vite.
Skal du bygge bustad eller hytte og treng tilkopling til straumnettet må du bestille det hos din netteigar. Linja er netteigar og har ansvar for distribusjonsnettet i Gloppen, Stad, Kinn, Bremanger, Askvoll og delar av Sunnfjord.
Det er kunden som tek kostnaden med nytt eller forsterka nett til ny bustad. Dette gjeld også når nettanlegg må flyttast eller gjerast om etter ønskje frå kunde. Ta kontakt med din elektroinstallatør for utforming av spesifisert bestilling til Linja.
Tilknyting av bustad, hytte eller behov for meir straum
Ta kontakt med oss i god tid dersom du planlegger å bygge hus eller hytte, ønskjer å utreie tilgjengeleg kapasitet i straumnettet til dine planar eller om du har behov for meir straum til eksisterande anlegg. Det er viktig at vi får naudsynt informasjon om kva du treng tidleg, ettersom det kan ta tid å forsterke straumnettet dersom det ikkje er nok kapasitet i eksisterande nett.
Hugs å bestille straumleverandør
I tillegg til ei avtale om nettleige, bør du også inngå avtale om straumavtale. Det gjer du med den straumleverandøren du ønskjer å bruke. Dei vil hjelpe deg med å opprette både avtale om nettleige, og straumavtale. Straumprisportalen til Forbrukerrådet gir ei oversikt over kva straumleverandørar som du kan velje mellom.
Kva skjer om du ikkje har avtale med straumleverandør?
Dersom du har avtale om nettleige, men manglar straumavtale, vil Linja likevel levere straum til deg. Det er fordi vi er leveringspliktige. Leveringsplikt er meint som ei mellombels løysing for at du skal ha straum fram til du inngår straumavtale med ein straumleverandør. Normalt vil straum fakturert frå Linja som leveringsplikt, vere dyrare enn dei avtalene straumleverandørane tilbyr.